Episodes

  • Full brems på Nadderud, no ventar naboen!
    Jun 29 2026

    Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er samde om at det først og fremst var den svake førsteomgangen som felte Bryne. Laget var ikkje påskrudd, og Stabæk fekk sjå ut som eit lag som høyrer heime i Eliteserien , kanskje endå høgare.

    Det finst likevel nokre lyspunkt. Bryne løfta seg etter pause, og den betre andreomgangen kan få utslag når spelarane skal vurderast på børsen.

    I Tippetipset skjer det noko uvanleg: Hobberst bommar på tipset sitt, medan Per Tore endeleg treff. Diverre held ikkje det til gevinst, og no handlar det om å finna tilbake til vinnarsporet, nok ein gong.

    Til slutt rettar vi blikket mot helgas lokaloppgjer, når Sandnes Ulf kjem på besøk. Kva kan ein venta av rivaloppgjeret, og korleis skal Bryne slå tilbake etter tapet?

    Show More Show Less
    37 mins
  • Tre poeng, tippetips og turprat
    Jun 23 2026

    I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på.

    Tippetipsa blir òg gjennomgått, og som vanleg gjekk det betre for nokre enn for andre. Panelet tek dessutan ein prat om kontraktssituasjonane i Bryne. Kven bør få ny avtale, kven står i fare for å forsvinne, og kva tenkjer eigentleg panelet om situasjonen?

    I ein litt meir uformell del av episoden kjem det spørsmål om fotball-VM som går føre seg no. Kven trur panelet står att som verdsmeister når alt er avgjort?

    Episoden blir avslutta med ein gjennomgang av den komande bortekampen mot Stabæk. Dette er ein kamp me sjølve skal på, og kva som skjer undervegs på turen kan du faktisk få ein avgjerande påverknad på. Men korleis? Det får du berre svaret på ved å høyre episoden.

    Show More Show Less
    34 mins
  • Bislett-fest, tippefiasko og vind frå alle kantar
    Jun 18 2026

    I dagens episode av Edder & Galle er det mykje å jubla for etter Bryne sin sterke 3–0-siger borte mot Lyn på Bislett. Fleire spelarar skal opp på børsen, og gutane går gjennom prestasjonane som la grunnlaget for tre viktige poeng i hovudstaden.

    I Tippetipset går det denne gongen diverre ikkje heilt etter planen. Likevel er statistikken framleis solid, og nye tips blir sette med eit klart mål om å finna vegen tilbake til sigerssporet så raskt som mogleg.

    I spørjespalta blir gutane utfordra til å setja saman laget til ein tenkt 100-årsjubileumskamp. Kven fortener plass? Kven blir urettvist utelaten? Og er det nokon som slepp gjennom nålauget utan å ha gjort seg fortent til det? Her blir det garantert rom for usemje. I tillegg får panelet ei språkleg utfordring som dei, kanskje ikkje heilt overraskande, ikkje klarer å løysa under innspelinga. Det kjem òg spørsmål om den berykta vinden på Bryne stadion og kva rolle han eigentleg spelar.

    Til slutt rettar gutane blikket framover mot helga og den komande kampen mot Åsane. Kva ventar Bryne, og kva må til for å følgja opp den imponerande sigeren på Bislett?

    Show More Show Less
    42 mins
  • Poenga varma mest
    May 31 2026

    Etter to kampar utan siger er vi tilbake på vinnarsporet. Hødd blir slått 1–0, og sjølv om kampen kanskje ikkje går inn i historiebøkene for den store underhaldningsverdien, leverer vi ein solid prestasjon og viser at vi er eit betre fotballag enn laget frå Ulsteinvik. Tre særs viktige poeng er i boks.

    Samstundes held tippetips-suksessen fram, og vi samlar inn pengar til Barnekreftforeningen. I samband med Fotballtrøyefredag skal vi òg trekkje heldige vinnarar av flotte premiar.

    Nokre lyttarspørsmål har òg funne vegen inn i episoden, og heilt til slutt kastar vi eit lite blikk framover mot den komande kampen mot Lyn.

    God lytting!

    Show More Show Less
    31 mins
  • Kupongen sat. Resten er framleis diskutabelt.
    May 27 2026

    Ny episode av Edder & Galle er klar! Bryne har vore i aksjon igjen, men ny trepoengar lèt framleis venta på seg. Likevel finn Per Tore noko positivt å ta med seg frå kampen i Drammen, medan Ole Morten held litt meir igjen sjølv om også han byrjar å sjå konturane av noko. Duoen går gjennom kampen, prestasjonane og kva som må bli betre framover.

    I Tippetipsen klaffar det igjen for begge to, og med fulltreff denne runden er sjølvtilliten på topp før nye tips skal setjast.

    Ole Morten får denne gongen ansvaret for dei anonyme spørsmåla, og der ventar både forventningar, utfordringar og nokre små oppdrag. Til slutt vender blikket seg mot den komande Hødd-kampen.

    Show More Show Less
    42 mins
  • Ei uro har meldt seg
    May 20 2026

    Episode to denne veka er ikkje for dei fintfølande sjelene. Etter eit blytungt 3–0 tap borte mot Raufoss, haglar det med krass kritikk frå Edder & Galle-panelet. Mykje manglar i laget, og særleg trenarbenken får hard medfart på børsen denne gongen. Alarmen har gått i klubben, men det blir understreka at ansvaret ikkje kan leggjast på enkeltposisjonar åleine. Det kjem òg inn eitt og to lyttarspørsmål undervegs, og heller ikkje denne episoden slepp spissen til Bryne FK unna kritiske stikk.

    Show More Show Less
    40 mins
  • Bunad, ball og beinhard kritikk
    May 17 2026

    På sjølvaste nasjonaldagen kjem ein ny episode av Edder & Galle.

    I denne episoden blir det sjølvsagt slakting av ein spelar sitt val denne veka, og me går grundig gjennom kampen på fotballens nasjonaldag. Me meiner Bryne Stadion viste seg frå ei god side. Her er det absolutt mogleg å skapa fotballfest 16.mai.

    Det blir òg nok ein gong klirrande mynt i tippespalta.

    Berre å tune inn! Ny kamp ventar alt onsdag, så dette er den første av to episodar denne veka.

    Show More Show Less
    54 mins
  • Forrykande start og klassisk Bryne-avslutning
    May 11 2026

    Bryne tok endeleg med seg alle poenga heim etter ein sterk bortekamp mot Moss på Melløs. Dei raudkledde opna kampen i forrykande tempo og gjekk til pause med ei solid 3–0-leiing. Sjølv om det blei nokre nervøse minutt på tampen og eit par ekstra tankar i overtida, heldt Bryne unna og sikra ein etterlengta triumf på Austlandet.

    I denne episoden av Edder & Galle går podkast-duoen gjennom kampen og svarar på det alle lyttarane lurer på: Er dei eigentleg nøgde med det dei fekk sjå på Melløs? Stemninga er i alle fall god når praten kjem inn på spalta «Tippetips», der duoen igjen traff blink og held fram den sterke starten.

    Til slutt rettar dei blikket framover mot neste utfordring: kamp på fotballens nasjonaldag, 16. mai, heime mot Strømmen. Kan Bryne byggja vidare på sigersrusen heime på Bryne Stadion?

    Show More Show Less
    33 mins